Reidar Ebne meiner byråkraten trugar vårt levesett.
FOTO: PRIVAT
Debatt
Yta, nyta og syta
Eg er ein person som har fått lov til å leva eit langt og innhaldsrikt liv. Eit liv tufta på sjølvråderett og det å ta ansvar for sitt og sine. Eg har og vore heldig å få oppleve både tronge kår og gode tider. I ung alder fekk eg høve til å læra samanhengen mellom det å yta og nyta. Skulle det vera mat på bordet måtte det eieninnsats til. I praksis medførte dette at ein måtte ta godt vare på husdyra. Ei viktig oppgåve var å verna dei mot rovvilt. Ein måtte og hauste det naturen hadde å gi i dei ulike årstidene; sild på ettervinteren, makrell sommar og haust, jakt på vilt og rovvilt osb.
Det å ha kunnskap og evner til å kunne livberge seg sjølv og familien gir ei god kjensle. Ei kjensle av å lukkast, samt glede og ro i sjela. Dette er noko mange slit med å finne å dagens samfunn. Første gong eg fekk ei kjensle av å bli fratatt desse moglegheitene og verdiane var under krigen. For dei som opplevde dette, medførte dette at ein lærde seg å stå imot og kjempe for det ein hadde tru på.
I dei siste tiåra har eg fått ei liknande kjensle. Denne gongen er det byråkraten som er fienden. Her er som måtten når den har gått i trevirke. Han forsyner seg av det du eig utan at du får noko attende. Byråkraten utholer vår sjølvråderett med diverse meiningslause lovar og reglar. Han øydelegg vår tradisjonelle levesett, kultur og kjensle av fridom. Skal vi berre akseptere at dette skjer? Hugs, byråkraten har ikkje skjemmevit. Får han fyrst litlefingeren tar han minst heile armen.