Det er naudsynt med meir kunnskap om miljøpåverknad, effektar på villaks, sjøpattedyr og dyrevelferd for oppdrettsfisk, før ein går vidare med å etablere havbruk til havs, skriv Havforskingsinstituttet på nettsidene sine.
Forskarane trekk spesielt fram utryggleik knytt til smitte av sjukdom og parasittar til vill laksesmolt.
Dette kjem fram i høyringssvaret som Havforskingsinstituttet har gitt i samband med «Overordna konsekvensvurdering av havbruk til havs, Norskerenna Sør, Frøyabanken Nord og Trænabanken».
Høyringssvaret peiker òg på at ein veit for lite om korleis havbruk til havs vil kome på toppen av eksisterande effektar av menneskeleg aktivitet i dei aktuelle områda. Døme på slik aktivitet er skipsfart og fiskeri.
Dersom myndigheitene ønskjer å gå vidare med havbruk til havs før ein har henta inn meir kunnskap, rår Havforskingsinstituttet ei gradvis auke i mengde fisk som kan produserast i slike anlegg.
– Ei slik auke må kombinerast med kontinuerleg og standardisert overvaking av fiskevelferd og miljøpåverknad, seier havforskar Vidar Wennevik.
(©NPK)