Berre 13 personar møtte då NVE hadde invitert til folkemøte på Skakke, rundt den nye 420 kV-traseèn frå Sauda til Blåfalli.Foto: Grethe Hopland Ravn
Berre 13 personar møtte då NVE hadde invitert til folkemøte på Skakke, rundt den nye 420 kV-traseèn frå Sauda til Blåfalli.
Grethe Testdal og Åge Grindheim stilte fleire spørsmål til både NVE og Statnett.Foto: Grethe Hopland Ravn
Grethe Testdal og Åge Grindheim stilte fleire spørsmål til både NVE og Statnett.
Kenneth Teigenes er prosjektdirektør i Statnett og svara på spørsmål frå salen, då det blei arrangert folkemøte rundt den nye kraftleidninga i desemberFoto: Grethe Hopland Ravn
Kenneth Teigenes er prosjektdirektør i Statnett og svara på spørsmål frå salen, då det blei arrangert folkemøte rundt den nye kraftleidninga i desember

Energi

Bekymring på folkemøte om ny kraftleidning

Eit lite knippe publikum møtte måndag til folkemøtet på Skakke, arrangert av NVE og Statnett. Her fekk dei høyra om planane for den nye 420 kV kraftleidninga mellom Sauda og Blåfalli, og fleire uttrykte både skepsis og frustrasjon.

Publisert Sist oppdatert

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) inviterte måndag til folkemøte på Skakke for å informera om planane for ny 420 kV kraftleidning frå Sauda via Blåfalli, og målet med møtet var for å gi lokalsamfunnet innsikt i Statnett si melding for ny 420 kV kraftleidning Sauda–Blåfalli, og for å sikra at alle som kan bli påverka av tiltaka får sjans til å koma med innspel.

Relevante perspektiv

Planane handlar om ei omfattande kraftleidning gjennom Rogaland og Vestland, der Sauda og Blåfalli er sentrale knutepunkt. NVE understreka at denne høyringa primært handla om kva som bør greiast ut vidare. Seniorrådgivar i NVE, Herman Lange Jonsen, gav publikum ei forklaring på korleis slike prosessar blir handtert, og han understreka at nettopp dette møtet var ein del av høyringsrunden for Statnett si melding, som skildrar dei føreslegne traséalternativa og kva konsekvensutgreiingar som vil bli kravde.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS