Ein person blei sendt til legevakt for sjekk etter ulykka laurdag kveld.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Ein person blei sendt til legevakt for sjekk etter ulykka laurdag kveld. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Bil køyrde av vegen

Klokka 21.36 laurdag er naudetatane på veg til Bjoavegen ved Lundaneset i samband med ei utforkøyring. Ein bilist har køyrt ut av vegen i ein sving. Om bord i bilen var det òg ein passasjer.

Materielle skadar

Det er materielle skadar på køyretøyet.

Bilen har fått omfattande skadar i urforkøyringa.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Det er uavklart skadeomfang på dei involverte, men dei skal vere ved medvit. Dette skriv Politiet i Sør-Vest i politiloggen.

Til legevakt for sjekk

Klokka 22.16 melder politiet at ambulanse-personell har undersøkt begge involverte. Ein person blir tatt med til legevakt for sjekk.

Innatsleiar: — Fekk melding om bil som hadde køyrd ut av vegen

— Det er ikkje mistanke om rus eller promillekøyring. Politiet gjennomfører politiarbeid på staden med avhøyr og sporsikring no, skriv operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i meldinga.

Klokka 23.16 meldte politet at førar innrømmar straffskuld for uoppmerksamheit. Førarkortet til vedkommande er beslaglagt og sak er oppretta.