Det var full overtenning i garasjen då politiet ankom.
FOTO: POLITIET
Det var full overtenning i garasjen då politiet ankom. FOTO: POLITIET

Bjoa-brannen: — Hovudhypotesen er at brannen starta i ein batteripakke tilhøyrande eit solcelle-anlegg

Det var klokka 16.09 sundag at politiet melde at nødetatane rykte ut til melding om brann i ein garasje på Bjoa.

Det var ein av dei tre bebuarane på adresse som sjølv melde frå om brannen.

Solcelle-anlegg

— Hovudhypotesen er at brannen starta i ei batteripakke tilhøyrande eit solcelle-anlegg, opplyser operasjonsleiar Steinar Knudsen i Sør-Vest politidistrikt.

Brann i garasje

Naboar blei bedne om å lukke vindauge og ventilar då det var ein ugunstig vind mot busetnad i området.

Farleg røyk

Røyken blei vurdert som farleg og mannskap frå nødetatane som skulle inn i området måtte kle seg i røykdykkar-utstyr. Også Haugaland Kraft blei varsla grunna at det er ei høgspentleidning like ved åstaden.

Brannmannskap blei verande på Bjoa ei god stund, for å unngå at flammane blussa opp igjen.
Foto: Jostein Viestad / Press Photography

Klokka 17.25 melde politiet at det var kontroll på staden.

— Brannvesenet blir igjen ei stund for å hindra at flammane blussar opp. Bebuarar i huset får bli, røyken skal vere tilnærma borte. Sak blir oppretta, melder operasjonsleiar Steinar Knudsen i Sør-Vest politidistrikt.