NTB66b3b4e7-2607-4af3-88c2-ce677c06eccf
NTB66b3b4e7-2607-4af3-88c2-ce677c06eccf

Bønder meiner synet på yrket deira har snudd

Bøndene opplever at haldningane til jobben dei gjer har vorte meir positiv, viser ei ny undersøking. Også bransjefolk trur respekten for matproduksjon er på veg opp.

45 prosent av norske bønder meiner synet på eiga yrkesgruppe og jobben dei gjer har vorte meir positiv dei siste 10–15 åra, ifølgje ei måling utført av AgriAnalyse for Landkreditt. Berre 26 prosent opplever haldningane som meir negative.

– Dette er eit svært positivt stemningsbilete, som vi også kjenner igjen frå dialogen med dei mange bøndene som ønskjer å utvikle og investere, seier Inger Johanne Brandsrud, kundeansvarleg i landbruk i Landkreditt Bank.

Sett i lys av samfunnsutviklinga oppfattar bøndene også at jobben som matprodusent reint faktisk er viktigare no enn ved inngangen til 2000-talet, viser den nye undersøkinga.

– Det rimar godt med vektlegginga i dei siste åra av verdiar som trygg og kortreist mat, og auka sjølvforsyning som bidrag til å redusere matmangelen i verda, seier Brandsrud.

Også Noregs bygdeungdomslag tolkar resultata frå undersøkinga som ei stadfesting på at det er mykje pågangsmot i næringa, og aukande anerkjenning av betydninga.

– Blant medlemmene våre, som både er unge bønder og andre som er interesserte i å ta vare på norske bygdesamfunn, ser vi mykje optimisme for tida, seier bygdepolitisk nestleiar Malin Solberg.

For tredje året på rad opplever dei auka oppslutning i medlemstal. Dei har no passert 7300 medlemmer.

(©NPK)