– I dag forventar vi å få ting lett servert digitalt. Eg tenkte at viss vi samlar bygdene, gjer dette søkbart og får ein raud tråd i det, så vil det vere enklare å finne fram i den digitale jungelen, seier ho til Nynorsk pressekontor.
Sånn blei Freysta.com fødd. På folkemunne går dei under kallenamnet bygdetinder».
Går som hakka møkk
På nettstaden, med ein veksande database over norske bygder, kan dei som vil legge inn kva dei ser etter i ein plass å bu, og få opp kva bygder dei matchar best med.
– Etter kvart fann vi ut at folk må ha ein jobb. Det er ikkje nok med ei kjempefin bygd, ein må ha ein jobb òg.
Etter at det blei mogleg å registrere seg med CV tok nettsida verkeleg av.
– Det har gått som hakka møkk. Dette er jo folk som har eit uttalt mål om å flytte til Distrikts-Noreg, så den basen er litt verdifull. No går plutseleg matchmakinga andre vegen òg.
Det betyr at også kommunane kan gå inn og finne arbeidssøkarar som dei matchar med.
Då nettsida blei lansert i mai var det mange klikk frå Noreg, men etter kvart blei det meir og meir populært utanfor landegrensene. No er det flest frå utlandet, og overraskande mange med høg kompetanse, ifølge Solheim.
Frå Syden til bygda
Ei av dei som sit i utlandet og surfar norske bygder er Iliriana Zajazi (43) frå Nord-Makedonia.
– Det var mannen min som kom over nettstaden og sa eg burde undersøke han nærmare, sidan eg er den som ser mest på slike sider, seier ho til Nynorsk pressekontor.
Zajazi er veldig glad i den søreuropeiske sola, men no er ho klar for å byte ut tronge kår i storbyen, med høgare standardar i Distrikts-Noreg.
– Vi elskar landsbygda. Det er ein sunn måte for barn å vakse opp. Vi har to barn på 8 og 10 år. Hovudmålet vårt er å oppdra barna våre i eit normalt land der alt fungerer som det skal.
Zajazi er jurist og har tidlegare jobba i FN. No jobbar ho for Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE). Mannen jobbar med ventilasjonsanlegg, for tida på eit produksjonsanlegg for cannabis.
– Viss eg kan halde fram med å jobbe i mitt eige fagfelt ville det vore bra. Viss ikkje kjem det an på kva moglegheiter som er der, seier Zajazi.
No gjeld det berre å overtale begge barna til å ta med seg ranselen til kaldare strøk.
– Guten, den yngste, sa han gjerne ville flytte, mens jenta ville berre bli med på ferie.
Fekk resultat
På den andre sida av matchmaking-tenesta sit Bjørn Skjervold, næringsutviklar i Folldal kommune. Folldal ligg fint til mellom nasjonalparkane Dovre og Rondane, men som Solheim seier er det ikkje nok å ha ei fin bygd. Etter at kopargruva i kommunen blei lagt ned i 1993 har folketalet dalt gradvis.
– Vi ser at det ikkje er stor optimisme blant ungdommen. Det er det vi prøver å snu no.
Planen hans er å skape nye arbeidsplassar med eit prosjekt for å eksportere drikkevatn frå den store vasskjelda i kommunen.
– Å få til eit prosjekt med noko så berekraftig og i tida som drikkevatn vil vere ein ting vi kan vere stolte av.
For å få det til treng han investorar. Då han kom over ei sak om Freysta gjekk det ikkje lang tid før kommunen hadde utfyllande omtale på nettsida.
– I staden for veldig mykje tekst, så legg eg ved ei lenke til Freysta når eg kontaktar potensielle investorar. Det har vekt stor interesse rundt omkring. Eg har blitt kontakta av fleire som synest dette ser fantastisk ut.
Trenden snur
Tom Bratrud, ved Sosialantropologisk institutt på Universitetet i Oslo, forskar på den nye bygda. Ifølge han er folkenedgangen no i ferd med å snu i fleire norske bygder.
– Ein såg det under pandemien. Då var det negativ folkevekst i Oslo og nokre populære bygder som fekk eit oppsving og har hatt det over tid.
Han nemner Sogndal, Lofoten, Aurland og Vang i Valdres som hot spots» for tilflytting, der det tidlegare var prega av fråflytting. Felles for mange av dei er at dei, som Folldal, har jobba med å promotere seg på nett.
– Gjennom mi eiga forsking har eg møtt veldig mange bygdetilflyttarar som har orientert seg på nettet i forkant, seier forskaren.
Nettstad-gründeren Solheim er i same båt som Zajazi frå Nord-Makedonia. Også ho sit med ein draum om å få med seg familien ut av byen.
– Eg har eigentleg veldig lyst til å flytte heim, men bergensartenåringar får du ikkje med deg. Men mellom oss så har eg ein plan.
Ho kallar folka ho prøver å nå for livsstilsflyttarar og tilstår at ho sjølv er midt i målgruppa for nettsida si.
Bratrud trur det blir stor konkurranse bygdene imellom for å tiltrekke seg denne typen innbyggarar framover.
– Det er kanskje denne nettsida eit eksempel på, der bygdene er ute på datingmarknaden for å trekke til seg folk, seier han.
(NPK)