Bustadbygginga har falle til eit historisk lågt nivå. Høge renter og strammare økonomi for mange gjer at etterspurnaden etter nye bustader har svikta.
– Det ser stygt ut. No byrjar også ordreserven hos dei store bustadbyggjarane å gå tom. Selskap som driv med nybygging av bustader har veldig lite å gjere, samtidig som det er stor konkurranse om oppdraga. Situasjonen er uvanleg, seier byggmeister Thomas Jacobsen til Dagens Næringsliv.
Ifølgje ei undersøking som Bygghåndverk Norge har gjennomført i samarbeid med Byggmesterforbundet, Målarmeistranes Landsforbund og Norske Murmestres Landsforening, forventar éin av tre medlemsbedrifter at omsetninga vil falle med opptil 25 prosent i 2024. Samtidig oppgir nærare 18 prosent at dei reknar konkursfare som «sannsynlig» eller «svært sannsynlig».
– Med ein så stor del som fryktar konkurs og at 9,8 prosent samtidig svarer at dei har kritisk låg ordrereserve dei neste tre månadene, er det ein skummel cocktail, seier næringspolitisk rådgivar Frank Ivar Andersen i Bygghåndverk Norge.
Han legg til at normalt går mellom 0,1 og 0,2 prosent av medlemsbedriftene konkurs kvart år.
– Når 9 prosent svarer at konkursfare er «svært sannsynlig», er det dramatiske tal, seier Andersen.
(©NPK)