Dei aller fleste som bur i Etne kommune har ein jobb å gå til. Sidan opninga i april (bilete) har Ljoshallbyget blitt ein av dei viktige arbeidsplasstadane i kommunen.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Etne skil seg ut med få arbeidsledige
Tal frå NAV for november viser at Grannar-distriktet har merkbart lågare arbeidsløysetal enn både fylka kommunane høyrer til, og landssnittet. Særleg i Etne er det svært få som manglar ein jobb å gå til.
I Etne er 17 personar heilt arbeidsledige. Dette utgjer 0,8 prosent av arbeidsstyrken. I Sunnhordland er det berre Fitjar som har ei marginalt lågare arbeidsløyse, med 0,7 prosent.
For Vindafjord sin del utgjer 67 arbeidsledige ein arbeidsløyse på 1,4 prosent. I oktober låg arbeidsløysa på éin prosent i begge kommunane i Grannar-distriktet.