I november vart det kjøpt rundt 50.000 færre plastbereposar enn i oktober hos dei tre store daglegvareaktørane, ifølgje Handelens miljøfond.
November er vanlegvis ein månad med høgt forbruk av posar, og tala var derfor ei positiv overrasking, seier dagleg leiar Cecilie Lind i Handelens miljøfond.
– Det er utruleg oppmuntrande å sjå at så mange nordmenn klarte å hugse handlenett i staden for å kjøpe plastbereposar gjennom black week-vekene, seier ho.
No står julehandelen for tur, og desember er vanlegvis månaden det blir handla flest plastposar.
– Det beste tipset vi kan gi, er å finne fram alle handlenetta ein har før ein går i gang med julehandelen, og leggje dei klare i gangen, veska eller bilen, seier ho.
(©NPK)