Alexander Søderlund blir ikkje ein del av trenarteamet i FKH i 2025.
Søderlund kom denne hausten inn i støtteapparatet med eit særskilt ansvar for oppfølginga av a-laget sine angrepsspelarar. Angrepsspelaren var òg ønskt med vidare inn i neste sesong, men etter gode diskusjonar er det no klart at «Søder» ikkje blir å finna i trenarteamet komande sesong.
— Tida strekk ganske enkelt ikkje til. Eg har veldig mange jern i elden, og det å finna plass til denne trenarfunksjonen i tillegg til alt det andre let seg dessverre ikkje gjera. Eg er veldig glad for å ha kunna bidra i haust – det betydde veldig mykje for meg – og i framtida håper eg å kunna koma tilbake i ei eller anna rolle i FK Haugesund, seier Alexander Søderlund til klubben si heimeside.
Stoffutveksling
Denne saka er hente frå vår samarbeidsavis Tysvær Bygdeblad.