Mange nordmenn er plaga med allergi i jula.
Fleire opplever allergiplager i jula
NPK: Salet på reseptfri allergimedisin og legemiddel på kvit resept aukar i perioden oktober til desember. Det kan tyde på at fleire nordmenn opplever symptom på allergi rundt juletider.
Sal av allergimiddel utan resept aukar frå oktober til desember. Størst auke er det frå november til desember. Dette gjeld reseptfrie legemiddel som Cetrizin og Zyrtec.
Det viser Apotekforeningen sin bransjestatistikk, ifølgje ei pressemelding.
Tala for desember 2024 er enno ikkje klare, men trenden viser at også i år aukar bruken av legemiddel mot allergi.