Sjur Aakra
Foto: Grethe Hopland Ravn
Brannberedskap
Fleirtal for mellombels brann-avtale med Sauda
Kommunestyret i Etne vedtok tysdag å inngå ein seks månaders avtale om kjøp av brann- og redningstenester frå Sauda kommune. Avgjerda blei fatta etter lengre diskusjon, der bekymringa for brannberedskapen i kommunen stod sentralt.
Etne kommune har stått i ei krevjande tid med store utfordringar knytt til brannberedskapen, og under kommunestyremøtet tysdag 10. desember, drøfta politikarane ein mellombels avtale med Sauda kommune. Målet er å dekka behovet for brann- og redningstenester dei neste seks månadane, mens kommunen jobbar mot ei meir langsiktig løysing.
Avtalen omfattar blant anna leiar for brann- og redningstenesta, leiar for beredskap og overordna vakt. Sauda kommune stiller òg øvingslokale og instruktør til disposisjon dersom det blir naudsynt. Forslaget fekk fleirtal, men ikkje utan motstand frå enkelte politikarar.
Ulike standpunkt