Det er registrert 482.000 fritidsbygg i Noreg. Utviklinga viser at det blir bygd fleire hytter i tettbygde fritidsbyggområde enn i område med enkeltståande bygg.
Dette går fram av tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Av norske fritidsbygg ligg rundt 107.000 i område med 5–24 fritidsbygg, 41.000 ligg i område med 25–49 fritidsbygg og 100.000 ligg i område med 50 eller fleire bygg. 233.000 av bygga er i område med meir enkeltståande busetnad.
Av dei 482.000 fritidshusa i Noreg, ligg 19.700 innanfor leveområda til villreinen. Dette utgjer fire prosent. Av desse er 47 prosent utanfor fritidsbyggområde.
Statistikken viser at Innlandet fylke framleis har flest hytter med 19 prosent av alle norske fritidsbygg. Trøndelag står for 11 prosent og Buskerud for 10 prosent.
Det største hytteområdet ligg i Ringsaker kommune og strekkjer seg inn i Lillehammer kommune. Dette hytteområdet er på 4,6 kvadratkilometer. Det nest største området ligg også i Ringsaker kommune og er på 1,7 kvadratkilometer.
(©NPK)