Natt til søndag klokka 03.21 melde Sør-Vest politidistrikt på politiloggen om eit trafikkuhell i Ølen.
Det var ein einsleg bil som hadde hamna i grøfta, ingen personskade.
— Førar innrømmer å ha sovna bak rattet, skriv Sør-Vest politidistrikt.
Det er ikkje mistanke om ruskøyring. Politiet opprettar sak.
— Bilen fekk skader på front, men var køyrbar og blei berga, seier Birgitte Pedersen som er vaktsjef ved Haugesund politistasjon.