Kan bli 50 centimeter snø i Vestland

Gult farevarsel for mykje snø

Mykje snøfall kan føre til kolonnekøyring eller stengde vegar i Vestland og Rogaland.

Meteorologane har sendt ut varsel på gult nivå for snø for delar av Vestland og Rogaland, skriv NRK. Varselet, som gjeld frå klokka 13 tysdag til 07 onsdag, fortel om 5–25 centimeter i låglandet, og opp til 50 centimeter i fjellet.

Tysdag kveld kan nedbøren kome forbigåande som sludd eller regn i ytre strok frå Bergen og sørover.

Snøfallet kan gi snøfokk i fjellet, redusert sikt og moglegheit for kolonnekøyring og- eller stengde vegar.

(©NPK)