38 prosent av dødsulykkene på norske vegar involverer sjåførar som køyrer i jobben sin, både yrkessjåførar og andre. Illustrasjonsfoto: Erlend Aas / NTB / NPK
38 prosent av dødsulykkene på norske vegar involverer sjåførar som køyrer i jobben sin, både yrkessjåførar og andre. Illustrasjonsfoto: Erlend Aas / NTB / NPK

Halvparten av dødsulykker i trafikken er jobbrelaterte

Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI) viser at 49 prosent av dødsulykker i norsk trafikk er med sjåfør som køyrer i eller til/frå jobb.

38 prosent av dødsulykkene på norske vegar involverer sjåførar som køyrer i jobb, både yrkessjåførar og andre. 11 prosent involverer personar som køyrer til eller frå jobb, men som ikkje er yrkessjåførar. Det er til dømes handverkarar, tilsette i heimetenesta, seljarar, osb.

– Tidlegare studiar av trafikktryggleik i bedrifter med sjåførar i arbeid har vist at det å jobbe med tiltak og kultur kan ha god effekt. Nokre studiar viser så mykje som inntil 60 prosent reduksjon i risiko. Det å fokusere på arbeidsrelatert trafikktryggleik har eit stort potensial for å redusere dødsulykkene i trafikken, seier forskingsleiar på TØI Tor-Olav Nævestad.

(©NPK)