Skal du køyre heim til jul i Sør-Noreg, kan det vere lurt å vente til søndag sidan det er venta varierande nedbør fram til då.
Inn mot helga er det venta nedbør vekselvis i form av regn og snø i store delar av Sør-Noreg, fortel vakthavande meteorolog Julie Solsvik Lågan.
Det vil også vere temperaturar rundt null, og med varierande form av nedbør er det ei oppskrift på glatt føre, fortel ho.
Elles får Trøndelag og delar av Vestlandet og Innlandet snø på torsdag. Og den kvite nedbøren held fram i delar av Vestlandet og Innlandet fram til laurdag, før det blir tørt på søndagen.
Snø og sludd på Austlandet
På store delar Austlandet er det venta snø og sludd frå fredag til laurdag, medan Nord-Noreg får rolegare vêr med minusgrader og med snøpåfyll i Troms og Finnmark i løpet av helga.
Men dei i nord er vande med vinterføre, så der blir det nok ikkje store trafikkproblem av den grunn, seier Lågan.
Snøprega fjellovergangar
På fjellovergangane rundt om i Sør-Noreg vil det komme mykje snøvêr frå onsdag til torsdag.
– Ein må vere førebudd på vinterføre. Om det blir problem er avhengig av kor mykje snø som kjem, og kor fort dei får brøyta han vekk, seier meteorologen.
Flytrafikken ser førebels ikkje ut til måtte gjere innstillingar på grunn av det kommande vêret, sjølv om Vestlandet kan oppleve ein del vind og turbulens frå eit lågtrykk, seier Lågan.
(©NPK)