SISTE/NPK-NTB: Odda ikkje lenger isolert etter uvêret. Riksveg 13 på Skare sør for Odda vart måndag ettermiddag gjenopna.
Det skriv Hardanger Folkeblad og NRK.
Både Odda og Eidfjord vart isolert etter ras søndag, og fleire fly vart omdirigerte frå Flesland. Fleire bilar vart også sperra inne mellom to ras søndag og natt til måndag.
Ullensvang kommune skriv til NRK måndag ettermiddag at fleire vegar framleis er stengde.
Kommunen oppmodar folk til å følgje med på trafikkmeldingane
—
Grunna uvêret blei det natt til måndag innført kolonnekøyring på E134 Haukelifjell.
Riksveg 13 er stengd fleire stadar, og Odda er isolert. Ei brannbil stod måndag morgon fast mellom to ras i Ullensvag, melder NRK.
Riksveg 7 Hardangervidda er stengt, det same er meir enn andre 20 vegar i Vestland fylke, melder NRK.
Widerøe melder om innnstilte flyavganger mellom Haugesund og Bergen grunna uvêret.
I Skagerrak er flerie ferjeavgangar mellom Noreg og Danmark innstilte.
Det er ikkje meldt om større hendingar i Grannar-distriktet grunna uvêret som sette inn sundag ettermiddag.
På E39 gjell ferjesambandet Arsvågen-Mortavika ikkje til Mortavika, men til Hanasand i morgontimane, men ved 10-tida var ferjene tilbake i normal rute til og frå Mortavika.
Vinden er venta å minke utover dagen.