Klokka 16.43 onsdag fekk politiet melding om at ein lastebil hadde køyrt inn i ein fjellvegg på Fv46 Saudavegen. Politiet skriv i loggen at sjåføren er oppegåande og verkar uskadd. Det er ein del materielle skadar på køyretøyet. Bilbergar er på veg, og det kan bli stans i trafikken når bilberginga skal setjast i gang. Politiet er på veg til staden, som ligg om lag 5 kilometer aust for Vikedal.
I ei trafikkmelding lokaliserer Vegvesenet ulykka til strekninga Fv46 Lunden–Svalefjellet. Per klokka 17.30 er den estimerte sluttida for påverknaden på vegen sett til klokka 20.38.
Klokka 18.15 var situasjonen løyst med tanke på trafikkflyten. Politiet på staden fortalde at vogntoget hadde klart å kome laus på eiga hand. Dermed var det ikkje naudsynt med berging, og det vart berre små trafikale problem. Der er ein steil bergvegg som har skrapt opp både førarhytta, skapet og hengaren. Like over 18.15 er leverandøren Vianor på staden.
18.40 skriv politiet i politiloggen at trafikken går greitt på staden. Politiet har avhøyrt sjåføren og gjennomført undersøkingar på åstaden. Politiet blir verande på staden ei lita stund til. Ei sak vil bli oppretta.
Frå ulykkesstaden. FOTO: NILS TOKHEIM
Her lokaliserer Vegvesenet ulykka. SKJERMBILETE: STATENS VEGVESEN