Sport
Lokal bedrift skal bygge fotballhall
Ølen IL har inngått ein intensjonsavtale med Prefabpartner om bygging av ein fotballhall. Leiar Johnny Vik gler seg over at idrettslaget får ein lokal partnar til å realisere si nye storstove.
— Det som starta som ein draum, blir meir og meir reelt, seier leiar Johnny Vik i Ølen på den symbolske kontraktsigneringa ved Prefabpartner sitt kontor i Medvind-bygget i Ølensvåg måndag.
Kontrakten omhandlar sjølve hallbygginga og har ein verdi på nærmare 20 millionar kroner. Fotballhallen skal kome på idrettsområdet i Ølen. Her har idrettslaget allereie ein 7ar- og ein 11ar-bane, men svært mange spelarar og lag gjer at kapasiteten likevel er pressa. Den nye hallen skal ha ein 9ar-bane.
Hallen blir ein stålbygning med sandwich-element. Taket blir flatt med ei utvendig høgd på cirka 13 meter. Storleiken på bygningen blir 55×77 meter.
I rute
Avgjerda om å inngå avtalen med Prefabpartner blei tatt på eit styremøte i idrettslaget. Vik fortel at selskapet blei valt blant mange gode tilbod. Idrettslaget synest det er flott at ein lokal leverandør kom med det klart beste tilbodet. Han roser anbodsvinnarane for å ha ei haldning om at dei ønskjer å bidra til å realisere hallen.
— Dei har strekt seg veldig langt på prising. Dette er eit konsept eg ikkje trudde var mogleg innanfor rammene, fortel Vik.
Han omtalar kontrakten som eit viktig steg på vegen. I eit skriv om hallplanane presentert i forkant av eit ekstraordinært årsmøte i september skisserte Ølen IL ei mogleg tidslinje med avtale om leige med kommunen i september 2024, å få med næringslivet i september–oktober 2024, anbod i november–desember, bygging frå januar til september 2025, og opningsfest i september 2025.
I september vedtok kommunestyret at kommunen skal inngå ein leigeavtale med idrettslaget som gjer at Ølen skule skal få bruke hallen to dagar i veka for 400.000 kroner. Rogaland fylkeskommune har også sagt seg villig til å leige hallen to dagar i veka for same sum, slik at også Ølen vidaregåande skule kan bruke hallen. Kommunen har opna for å betale leiga for dei 15 åra i ein eingongssum på seks millionar. Ølen IL la opp til 50 prosent lånegrad, men med dei seks millionane betalt ut i ein eingongssum får idrettslaget redusert den planlagde lånesummen frå 20 til 14 millionar kroner.
— Me manglar framleis nokre millionar for å ha finansieringa heilt på plass, men om grunnarbeida, som har planlagt oppstart tidleg neste år, går fint og utan fordyrande overraskingar, ser dette svært lovande ut, seier idrettslagsleiaren.
Draumar om komplett idrettsområde
Ei mogleg utfordring Vik ser, er kommunen sine rekkjefølgjekrav, spesielt kva gjeld tilkomst. Han opnar for at dei kan få til midlertidige løysingar som er akseptable dersom hallen er ferdig før den permanente tilkomstløysinga.
For idrettslaget er fotballhallen berre første steg i utviklinga av Ølen Idrettsområde. Vik meiner at området kommunen har regulert og investert i er perfekt til idrett. Han fortel at målet også er å få til ein ny idrettshall, eit opplæringsbasseng og innandørs padelbanar. Slik vil dei skape Ølen Idrettspark, med slagordet: Senter for idrett og folkehelse!
— Om fleire tenker som Prefabpartner, får me alt til, seier Vik.
Vil vise igjen
Dagleg leiar Vidar Miljeteig i Prefabpartner omtalar fotballhallkontrakten som ein viktig milepåle for selskapet, som blei stifta sommaren 2022. Sitt første heile år, 2024, omsette dei for 39,89 millionar kroner.
— Det er viktig for oss å vise att i Vindafjord, seier Miljeteig.
I arbeidet med hallen skal dei teikne for alle moglege prosjekt som er tenkt i området, også dei framtidige bygga. Miljeteig seier at bedrifta har tenkt å vere med i kampen om å få bygge desse også, men at dei jobbar dag for dag.
Totalt er det ti personar som jobbar i bedrifta. Med seg på kontoret i Ølensvåg har Miljeteig montasjeleiar Runar Mosdal. Som ølensbu gler Mosdal seg over å få vere med og bidra i heimbygda.