Ein mann blei i desember sikta for drapsforsøk etter knivstikking i Ølen.ARKIVFOTO: RENATE SÆVAREID
Ein mann blei i desember sikta for drapsforsøk etter knivstikking i Ølen.

Knivstikkinga i Ølen

Mann sikta for drapsforsøk

Ein mann i 60-åra er sikta for drapsforsøk mot ein mann i 50-åra etter knvistikinga i Ølen laurdag kveld.

Publisert Sist oppdatert
— Politiets operasjonssentral fekk melding om ei knivstikking i Ølen i går kveld rundt klokka 18.18. Politi og ambulanse rykte raskt ut. Sikta blei pågripen på staden, seier politiadvokat Sveinung Andersen.

Fornærma blei frakta frå åstaden med ambulanse, og deretter overlevert luftambulansen som frakta han til Haukeland universitetssjukehus.

— Politiet har avhøyrt fleire vitne, og vi håper å avhøyre sikta i dag. Det er tidleg i etterforskinga, og vi må difor vere sparsame med opplysningar, seier Andersen.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om motivet for hendinga, men offeret framstår ikkje som tilfeldig.

— Dei to involverte er ikkje kjente for politiet frå før, seier Andersen til Grannar.

Politiet har teke beslag i fleire gjenstandar og gjennomført kriminaltekniske undersøkingar på staden.

— Vi held fram med vitneavhøyr i dag, seier politiadvokaten.

Andersen opplyser til Grannar at det truleg kjem fleire opplysningar om saka i ei ny pressemelding seinare sundag.

Skadegraden til fornærma i saken er ikkje kjent. Helseføretaka opplyste tidlegare om kor alvorlege personar var etter alvorlege hendingar, ei ordning som opphøyrde i 2019.

Like før klokka 19.30 var det tre politipatruljar og ein ambulanse ved adressen i Ølen.
Powered by Labrador CMS