Vindafjord-budsjettet
Mobiliserer mot skulenedleggingar
Torsdag blir det arrangert ein demonstrasjon utanfor rådhuset i Ølen. Unn Vølstad (33) håpar på godt oppmøte frå rundt om i Vindafjord for å slå ring rundt skuletilbodet i alle bygdene i kommunen.
— Akkurat no er det oss det gjeld, men eg fryktar at det kan vere Sandeid, Vikebygd og Vats neste gong, seier Unn Vølstad.
Demonstrasjonen kjem i lys av forslaget om å leggje ned skulen på Bjoa og barnehagen og skulen i Imsland, som først blei foreslått av kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og sidan vedteken som del av Sp, KrF og Ap sitt budsjettforslag i formannskapet. Desse partia har fleirtal i kommunestyret med 13 representantar og inngjekk ein avtale om budsjettsamarbeid etter valet i 2023.
— Hjartet i bygda
Vølstad og Åshild Vee Sandsgård (28) har laga til arrangementet på Facebook. Det har blitt til av ei planleggingsgruppe på 18 personar, og har tittelen Demonstrasjon for Ja til 9 levande bygder!».
Sjølv bur Vølstad på Bjoa med sambuar og tre barn på ni, sju og tre år. Skulen i bygda betyr mykje for familien. Vølstad seier at han gjer det trygt og godt for dei å vekse opp. Med demonstrasjonen vil ho signalisere til politikarane kor viktig skulen, gymsalen og bygdahuset er. Ho omtalar det som hjartet i bygda, der unge og gamle samlast.
— Tar dei ifrå oss det, tar dei ifrå oss alt. Spesielt for ungane er det viktig, seier Vølstad.
Fryktar for framtida
Dersom skulen blir lagt ned, trur Vølstad at Bjoa ikkje får unge til å busetje seg der, og på sikt vil bli ein plass for berre hyttefolk og eldre. Ho og sambuaren har vore inne på tanken om å flytte fleire gonger, fordi spørsmålet om nedlegging har hengt over dei.
— Då flytter me ikkje til ei anna bygd i Vindafjord, men til ein annan kommune, fortel Vølstad.
Ho er fødd og oppvaksen på Bjoa og er odelsjente på foreldra sin gard. Derfor trur ho at det sit litt lenger inne for ho å berre pakke og flytte enn det kan gjere for andre. På gardsdrift må ein tenkje generasjonen etter også, så difor synest ho det er vanskeleg å ville overta garden heime viss skulen skulle forsvinne.
Har ikkje gitt opp
Sjølv om det er Bjoa og Imsland sine skular som er i spel denne gongen, har Vølstad håp om at demonstrasjonen vil famne breitt. Initiativtakarane har sendt ut invitasjonar til andre bygder. Vølstad har inntrykk av at saka engasjerer i dei andre bygdene også.
Grunnen til at demonstrasjonen blir arrangert torsdag ettermiddag/kveld, er at dei politiske partia har sine siste gruppemøte før kommunestyremøtet 17. desember. På dette møtet blir budsjettet for 2025 og økonomiplanen for 2025–2028 endeleg vedteke, og følgjeleg skulane si skjebne avgjord.
Alle partia sine budsjettforslag blei presenterte i formannskapsmøtet 26. november. I tillegg til fleirtalskoalisjonen av Sp, KrF og Ap, gjekk også Høgre og Frp sitt fellesbudsjett inn for å leggje ned skulen på Bjoa og barnehagen og skulen i Imsland frå hausten 2025. SV og Vindafjordlista sitt fellesforslag verna skulen på Bjoa, men la ned Imsland oppvekstsenter frå hausten 2026. Vølstad har tru på at dei gjennom demonstrasjonen kan vere med på å påverke politikarane heilt i innspurten.
— Eg håpar at me kan klare å snu dei. Me vil få Sp til å hugse på at dei har gått til val på ni levande bygder, og KrF på å fokusere på barnets beste, seier Vølstad og viser til dei lange bussturane barn som bur på Bjoa og Imsland risikerer ved skulenedleggingar.