Liv Kristin Bjørlykke Øvereng har forska på nettbrett i undervisninga. Foto: Universitetet i Stavanger.
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng har forska på nettbrett i undervisninga. Foto: Universitetet i Stavanger.

Når elevar brukar nettbrett, jobbar dei meir åleine

Når elevane brukar nettbrett i klasserommet arbeider dei i stor grad åleine med læringsoppgåver, viser ein fersk studie

– I læringssituasjonar der elevar på første trinn brukar nettbrett i klasserommet, skjer det vi kan kalla ei individualisering i korleis elevane jobbar. Dette betyr at elevane arbeider i stor grad åleine med læringsoppgåver. Dette gir mindre rom for viktige sosiale læringsarenaer, seier Liv Kristin Bjørlykke Øvereng.

Ho har forska på interaksjon mellom lærar og elevar i digitale førsteklasserom. Ho har undersøkt korleis det som skjer i klasserommet er påverka av bruk av nettbrett, og korleis nettbrett vert brukt i begynnaropplæringa i skulen.

Studien er ein del av DigiHand-prosjektet, som har vore eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda (HVO) og Nasjonalt lesesenter, Universitetet i Stavanger (UiS).

Øvereng peikar på at lærarane i studien legg til rette for god læring på mange måtar.

– Dei gir god emosjonell støtte og har god klasseromsorganisering. Dei viser også eit læringsorientert perspektiv på elevane si læring med nettbrett. Dei legg til rette for at elevane skal lære funksjonar i nettbrettet som kan bidra i læringa.

(©NPK)