Mange tenkjer seg på hytta i vinter. Kanskje med litt mindre snø på taket. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Mange tenkjer seg på hytta i vinter. Kanskje med litt mindre snø på taket. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Nesten halvparten skal på ferie i vinter

46 prosent av dei spurde i ei ny undersøking skal på ei ferie- eller fritidsreise i vinter, og fleirtalet av desse har planlagt å halde seg innanlands.

– Noreg er eit nydeleg vinterland med snøsikre alpinanlegg i heile landet og langrennsløyper i verdsklasse. Det er forståeleg at mange vil ha vinterferie i eige land, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv, som har gjennomført undersøkinga.

Andelen som skal på ferie- eller fritidsreise i vinter, har auka frå 37 til 46 prosent sidan i fjor. Ordlyden i undersøkinga er likevel noko endra. 59 prosent av dei som skal på ferie, planlegg ei reise i Noreg, medan 47 prosent har tenkt seg til eit anna land i Europa.

Og dei typiske norske vinteraktivitetane har fått noko medvind frå i fjor: 35 prosent seier dei skal på hytta, 33 prosent skal besøkje venner og familie, og 26 prosent planlegg skiaktivitetar. Samtidig har andelen som planlegg bading og sol i vinter, falle frå 28 til 23 prosent.

– Mange opplever at økonomien er litt trongare, men det er fint å sjå at feriereiser i Noreg framleis blir prioriterte. Frisk luft, ski og hyggelege stunder gir påfyll og energi og treng heller ikkje å koste så mykje, seier Krohn Devold.

Det er gjort 1.011 intervju frå eit landsrepresentativt utval i veke 44 og 45. Dei spurde er 18 år og oppover og har svart gjennom såkalla webintervju som Kantar har gjort for NHO Reiseliv.

(©NPK)