Heile 44 prosemt seier dei vil gå for eit kunstig juletre i år. Foto: Plantasjen.
Heile 44 prosemt seier dei vil gå for eit kunstig juletre i år. Foto: Plantasjen.

Nesten halvparten vil ha kunstig juletre

Fleire vel kunstig juletre til jul, men ekte tre vekkjer framleis flest kjensler. Det viser ei undersøking frå Plantasjen,

Fleire vel kunstig juletre til jul, men ekte tre vekkjer framleis flest kjensler. Det viser ei undersøking frå Plantasjen,

I ei travel førjulstid har det kunstige juletreet vorte eit populært val. Moglegheita til å bruke treet år etter år, unngå barnåler på golvet og enkel lagring gjer det til ei praktisk løysing for mange, som igjen gjer at fleire kan prioritere andre delar av juleførebuingane, utan å gi avkall på stemninga.

– Eit kunstig juletre er ei praktisk løysing som passar godt i ei hektisk førjulstid. Det gjer det enklare å få på plass julestemninga, samtidig som ein får meir tid til hyggelege aktivitetar som baking, pynting eller tid med nære og kjære, seier Vibeke Næss, kommunikasjonsansvarleg i Plantasjen Norge.

For dei som vel ekte juletre, er kjensla av tradisjon og den umiskjennelege dufta av gran eller edelgran som er avgjerande. Lukta fyller rommet med julestemning og vekkjer minne frå tidlegare julefeiringar, noko mange nordmenn verdset høgt. Samtidig er sjølve tradisjonen med å hente treet ein viktig del av opplevinga for mange.

(©NPK)