Skjold barnehage.ARKIVFOTO
Debatt
No er det nok!
Alt i alt ein vellukka fagettermiddag for denne viktige arbeidsgruppa i barnehage og skule» skriv Nils Erik Eide på Vindafjord kommune sine nettsider etter fagettermiddagen i Sandeid 20.november.
Det var barnehage- og skulesjef Anita Jørstad Grindheim og kommunalsjef Nils Erik Eide som hadde regien denne kvelden. Dei valde å nytta gode interne ressursar, noko fagarbeidarar og assistentar i Skjold barnehage synsest er bra og fornuftig. Me har jo så mange dyktige og flinke folk ute i einingane. Me skulle berre så gjerne ønske at bestillingane som blei sendt til skuleinspektør Georg Opsal og barnevernsleiar Turid Askeland også innehaldt noko som var retta mot assistentar og fagarbeidarar i barnehagen.
Fagarbeiderar og assistentar i Skjold barnehage opplever at assistentane og fagarbeidarane i barnehagen nok ein gong ikkje vert tekne omsyn til i bestillingane sendt til føredragshaldarane. Me bruker vår dyrebare tid på kveldstid, vår fritid, på å få meir kompetanse og utvikle oss meir innanfor dette faget som me brenn for. Me er skuffa over at Vindafjord kommune nok ein gong rettar sitt fokus mot kompetanseheving i skulen, medan barnehagetilsette vert gløymt. Dette har dessverre også vore ein trend ved felles planleggingsdagar og BTI-konferansane. Dette kan ikkje forsette!