Det er ein fersk rapport frå forskings- og analysesenteret Climate Central som viser utviklinga, skriv Aftenposten.
Senteret har sett på utviklinga i talet på frostdøgn om vinteren dei siste ti åra, sett opp mot kva som ville vore tilfellet i ei verd utan dei menneskeskapte klimaendringane. Den viser mellom anna at Noreg i snitt har fått sju færre dagar med frost om vinteren.
– Dataa er tydelege: Klimaendringane endrar vintrane i Noreg på ein fundamental måte, seier vitskapleg direktør Kristina Dahl i Climate Central.
Ifølgje rapporten har Oslo fått 16 dagar mindre vinterfrost, medan Østfold og Vestfold har mista flest dagar med minusgrader, med 23 og 22 færre frostdøgn.
– Dei fleste landsdelar har mista over ei veke med dagar under frysepunktet kvart år i løpet av det siste tiåret. Denne utviklinga forstyrrar snøfallsmønster, er ein trussel mot vinteraktivitetar og endrar den naturlege rytmen i den norske vinteren, seier Dahl.
Ho understrekar at tala viser den isolerte effekten av bruken vår av olje, gass og kol på vintertemperaturane.