– Nei, Noreg kjem ikkje til å setje eit mål om 90 prosent i 2040. Vi har sett målet vårt om at i 2050 skal vi vere på 90–95 prosent, seier Sandvik til NTB.
I motsetning til EU, som har teke mål av seg til å vere eit netto nullutsleppssamfunn i 2050, skal Noreg bli eit lågutsleppssamfunn, seier han.
– Det er det som er målet vårt i Noreg. Så må vi leggje ein plan for å komme dit.
I februar foreslo EU-kommisjonen det ambisiøse klimamålet om å kutte 90 prosent av utsleppa innan 2040.
Saka låg på bordet då klima- og miljøministrane i EUs 27 medlemsland møttest tysdag. Men etter det NTB har fått opplyst, er det førebels berre sju–åtte land som så langt gir tommel opp.
For Noreg er det er viktig kva EU bestemmer seg for, understrekar Sandvik.
– Det er heilt openbert. Vi er opptekne av at EU skal ha eit ambisiøst mål. Vi trur det er viktig for føreseielegheita, for omstillingskrafta i næringslivet og så vidare, seier han.
Tidlegare har det nærast vore hogge i stein at EU kjem til å lande på 90 prosent kutt i 2040.
– Men no opplever vi at diskusjonen i EU er annleis enn under den førre kommisjonen. Så vi er spente på utfallet, seier Sandvik.
Den vikarierande klima- og miljøministeren var sjølv i Brussel tysdag for, som det heiter i ei pressemelding frå regjeringa, å «fremje norske interesser» i ei rekke saker.
Sjølv trekkjer Sandvik fram EUs direktiv for skog- og arealbruk, LULUCF, som er ein del av klimaavtalen som Noreg inngjekk med EU i 2019. No skal avtalen oppdaterast.
– Vi har opna ein prosess saman med Efta om ein ny periode i LULUCF, for at Noreg skal komme betre ut av skogsamarbeidet med EU, seier Sandvik.
Direktivet gir reglar for korleis CO2-opptak frå skog skal vegast opp mot andre klimautslepp. Med andre ord: Går opptaket til skogen ned, må ein kutte meir i andre sektorar.
Men måten EU har bestemt at dette skal reknast ut på, har slått særs uheldig ut for både Noreg og andre skognasjonar i Europa.
Ut frå EUs reknestykke får Noreg eit underskot på over 30 millionar tonn CO2-ekvivalentar.
– Det blir veldig tilfeldig. For Noreg er referanseåret veldig feil. For andre er det klimaendringar som påverkar, og du får veldig store svingingar. Og det slår ut ekstra på dei landa som har mykje skog, seier Sandvik.
– Men du må jo vere noregsmeister i sjakk og orientering for å forstå alle klimamåla og dynamikkane i dette regelverket, sukkar han.
No kjempar Noreg saman med andre land for tekniske justeringar, både i det eksisterande LULUCF-regelverket og i det som er under revidering.
– Vi har hatt kontakt med fleire andre skogland i EU som er i same situasjon, seier Sandvik og trekkjer fram mellom anna Sverige, Finland, Frankrike, Slovakia og Tsjekkia.
– Kva er gehøret i EU for dette?
– Blant skoglanda er det sjølvsagt godt gehør. Men så får vi sjå korleis det gehøret blir elles, då, og korleis utfallet blir for Noreg.
(©NPK)