Viss du trykkjer på Røde Kors-knappen dei neste dagane kan førjulstida bli ekstra fin, seier den daglege leiaren i lotteriet. Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK
Viss du trykkjer på Røde Kors-knappen dei neste dagane kan førjulstida bli ekstra fin, seier den daglege leiaren i lotteriet. Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK

Ny pantemillionær i løpet av få dagar: – Snart tomt for lodd

Pantelotteriet kjem til å dele ut éin million kroner veldig snart. Sjefen for lotteriet forventar at det kjem til å skje berre i løpet av nokre få dagar.

– Talet på lodd byrjar å nærme seg slutten, før vi skal byrje på ein ny runde. Og blant alle premiane ligg altså éin milliongevinst, som kjem til å bli vunne i løpet av berre fire–fem dagar. Det betyr at éin heldig vinnar snart får ei heilt spesiell førjulsgåve, seier Pantelotteriets daglege leiar Gaute Langdal.

Pantelotteriet startar på nytt kvar gong omsetninga har passert 200 millionar, innan den tid skal tolv milliongevinstar delast ut. No nærmar det seg slutten på lodda, men éin million kroner ligg framleis og lurer.

– Det kan samanliknast litt med eit kakelotteri, der det byrjar å bli tomt i loddbøtta, medan det framleis er ei stor kake igjen på bordet. Berre at det i dette sambandet ikkje er snakk om kaker, men éin million kroner, seier Langdal.

Så langt i år har 20 personar vunne i milliongevinsten, den siste var ei kvinne i Elverum.

(©NPK)