Illustrasjonsfoto: Inger Robøle Kristiansen / NPK
Illustrasjonsfoto: Inger Robøle Kristiansen / NPK

Nye materiale skal redusere plast i havet

Eit internasjonalt forskarteam jobbar med å utvikle biologisk nedbrytbare materialar for å redusere plastforureining frå fiskeri og oppdrett.

Forskarar frå blant anna Sintef og UiT jobbar med å utvikle biologisk nedbrytbare fiskereiskap for å redusere plastforureining i havet, skriv Gemini.

Forskar Christian Karl ved Sintef forklarer at dagens fiskereiskap, som ofte består av ikkje-nedbrytbar plast, bidrar til mikroplast og spøkelsesfiske. Dei nye materiala skal brytast ned raskare utan å forureine.

– Reiskapane blir liggjande lenge og gjer i praksis hava til plastdeponi fordi det blir danna partiklar av mikroplast når materiala blir slitne i sjøen. Denne langsame, naturlege nedbrytinga startar med fotonedbryting (grunna lys) og termooksidativ (grunna temperatur) nedbryting av polymerane, seier forskar Christian Karl i Sintef.

(©NPK)