Leiar Owe Ingemann Waltherzøe i Partiet DNI . Foto: Emilie Holtet / NTB / NPK
Leiar Owe Ingemann Waltherzøe i Partiet DNI . Foto: Emilie Holtet / NTB / NPK

Partiet DNI godkjend i partiregisteret

Utbrytarpartiet DNI, som blir leidd av tidlegare INP-leiar Owe Ingemann Waltherzøe, er godkjent av partiregisteret og kan stille til val under dette namnet.

Namnet dei er registrerte med, er Partiet DNI, skriv partiet i ei pressemelding. Det gamle namnet, Det norske industripartiet, er borte, ettersom dei ønskjer å distansere seg frå Industri- og Næringspartiet (INP).

Fargen i logoen til partiet er endra til lilla av same grunn.

Allereie i oktober var det klart at partiet hadde samla inn over 6000 underskrifter og dermed var kvalifisert til stortingsvalet neste år. Namnet har det likevel vore noko uvisse rundt etter ei klage frå Industri- og Næringspartiet (INP).

Dei meinte partinamnet, fargane i logoen og bokstavane i forkortinga kunne forvekslast med INP i valavlukket. Klaga vart likevel ikkje teken til følgje, ifølgje DNI.

– Sjølv om eg heile tida har vore hundre prosent sikker på at klaga til INP ikkje kunne takast til følgje, er det alltid eit spenningsmoment knytt til ventetida. Ja, klaga deira har forseinka oss, og eg håpar INP synest det var verdt å bruke så mykje tid, pengar og ressursar på å forseinke registreringa Partiet DNI i partiregisteret, seier partileiar Waltherzøe.

– Vi kjem ikkje til å sjå oss tilbake, men jobbe for politikken, byggje organisasjonen og ikkje minst dra i gang valkampen, seier Waltherzøe.

(©NPK)