PRESSEMELDING, Parat: Det var knytt stor spenning til leiarvalet i Parat, der tidlegare nestleiar i Parat, Anneli Nyberg, stilte til leiarvervet i konkurranse med sitjande leiar. Landsmøtet gjekk for gjenval av Unn Kristin Olsen, som får tre nye år som Parat-leiar.
Valet på Parat-leiar vart jamnt, og Unn Kristin Olsen seier ho vil jobbe for å skape eit større fellesskap og samhald i tida framover.
– Eg vil takke landsmøtet for støtta og ser fram til tre nye år som Parat-leiar. Landsmøtet har gitt oss ein retning, og eg vil jobbe for at hovudstyret gjennomfører alle vedtak. Vi skal sjå framover og setje oss nye mål, seier Olsen.
Ny nestleiar
Landsmøtet i Parat har også valt ny nestleiar, Rune Berge, som i dag er konserntillitsvald i Schibsted. Berge var også den som var innstilt av valkomiteen. Han er samstundes den Unn Kristin Olsen ønska til vervet som sin nestleiar.
Arbeidsoppgåver for nytt Parat-styre
Landsmøtet har vedteke å opprette eit satsingsfond med ein startkapital på 15 millionar kroner.
– Parat har eit stort streikefond, eit fond vi forventar vil vekse i åra framover. Samstundes er det eit fond vi sjølvsagt vil bruke om nødvendig. Satsingsfondet vil vi bruke til å styrkje Parats posisjon i det organiserte Noreg, seier Olsen.
Ho seier det vil vere arbeidslivs- og samfunnspolitisk program for perioden 2025 til 2027 som vil vere førande for arbeidet i ny treårsperiode.
Resolusjonar
Landsmøtet har også vedteke resolusjonar, der Olsen vil framheve Parats støtte til Ukraina.
– Her ber Parat om eit stort ekstraordinært uttak frå Statens pensjonsfond utland for bruk til humanitær, militær og langsiktig Ukraina-støtte for eit solid demokrati. Vi står saman med Ukraina, for fred, fridom og menneskeverd, seier ho.
Olsen seier ein meir berekraftig og rettferdig AFP-ordning er viktig for Parat og er noko nytt hovudstyre vil jobbe med.
– Vi meiner dagens regelverk fører til at alt for mange tilsette i privat sektor går glipp av AFP, og landsmøtet har vedteke å jobbe for endring i dagens ordning. Vi meiner eit fleirtal av organiserte arbeidstakarar må få ei reell moglegheit til å ta ut AFP. Dette vil gjere AFP-ordninga meir føreseieleg, freiste fleire unge til å organisere seg og gi større tryggleik for framtidig pensjon, seier ho.
Parat-leiaren seier landsmøtet også har vedteke å jobbe for auka kompetanse blant sårbare grupper. Her meiner vi det offentlege og bedriftene må ta eit større ansvar for å sikre at alle grupper i arbeidslivet blir sikra og ingen fell utanfor. Direktetilsetjing framfor å sette ut arbeidsoppgåver er eit av verkemidla som bør vurderast for å sikre ein inkluderande arbeidsplass der alle tilsette er ein del av det same fellesskapet med like moglegheiter, seier Olsen.
Ho seier landsmøtet også har vedteke resolusjonar som pålegg Parats leiing å prioritere jobben med «styrkt kildekritikk i ein digital tidsalder», «eit politi med kapasitet til å tryggje innbyggjarane», arbeid for å «auke det strafferettslege vernet til vektere» og ikkje minst at «seksuell trakassering i arbeidslivet må opphøyre».
Stoffutveksling
Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Tysvær Bygdeblad.