Før formannskapet i desember skulle behandla saka om oppgradering på Etne tinghus, fekk dei ei synfaring på huset. F.v: kommunalsjef Åsmund Andersen Sekse, kommunedirektør Filippo Ballarin, Kenneth Karlsen, Frp, Andreas Grumheden, Ap, og ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim. Til høgre er Kurt B. Hagen frå INP, men han er ikkje ein del av formannskapet.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Brannberedskap
Samarbeidsavtale om brann signert
Etne kommune har signert samarbeidsavtalen med Sauda kommune om administrasjon, leiing og overordna vakt. Avtalen blei signert torsdag denne veka av kommunedirektørane.
Avtalen omfattar administrasjon, leiing og overordna vakt i Etne kommune, der Sauda brann og redning (SBR) skal levera tenester som brann- og redningssjef, leiar beredskap og overordna vakt. Avtalen legg også opp til kompetansehevande tiltak, øvingar og kurs for tilsette i Etne, og bygger på krava i brann- og eksplosjonsvernlova og tilhøyrande forskrifter.
Tryggleik og beredskap
Kommunalsjef Åsmund Andersen Sekse understrekar at avtalen er eit viktig steg for å sikra innbyggjarane i Etne betre tryggleik og beredskap.