Senterpartiets oppslutning er den lågaste på ei partimåling frå Sentio nokosinne. Dei har gjennomført målingar sidan oktober 1997.
Det er ein nedgang på 1,8 prosentpoeng frå november og er ei signifikant endring.
Arbeidarpartiet får ei oppslutning på 17,5 prosent, ned frå 19,2 i november. Samla får regjeringspartia og SV dermed ei oppslutning på 29,9 prosent. Også det er det lågaste nokon gong på Sentios målingar.
SV går likevel fram frå førre månad med 1,7 prosentpoeng til 9,4 prosent.
Framstegspartiet gjer den beste Sentio-målinga si sidan juli 2009 med 28,2 prosent. Det er opp 2,2 prosentpoeng frå november, men endringa er innanfor feilmarginen.
Høgre går ned 1,2 prosentpoeng frå november til 20,7 prosent, også det innanfor feilmarginen. Dersom Høgre og Frp hadde danna regjering med dette resultatet, ville dei fått 94 mandat og dermed klart fleirtal på Stortinget.
Frp har dei mest lojale veljarane. 94,2 prosent som stemde på partiet ved førre val, vil gjere det til hausten. Deretter følgjer veljarane frå KrF (72,2) og SV (72,0).
Blant dei som stemde på Senterpartiet ved førre val, er no 21,2 prosent usikre på kva dei vil stemme ved neste val. For Arbeidarpartiet er 14,7 prosent av veljarane usikre. Dei to partia blir berre slåtte av samlepotten «andre parti» (42,6 prosent).
Resten av partia måler som følgjer (endring frå november i parentes):
KrF 3,1 (+0,1), Raudt 5,3 (-0,2), Venstre 3,3 (-1,6), MDG 5,3 (+1,1), andre parti 4,2 (+1,3).
Målinga er gjennomført i perioden 12.–19. desember. 1000 personar er intervjua. Feilmarginen varierer frå 1,2 til 3,1 prosent. Berre endringa til Venstre og Senterpartiet er utanfor feilmarginen.
(©NPK)