Elleve organisasjonar går no ut og åtvarar etter Vefsna i Nordland er eit verna vassdrag som er trua av utbygging. Foto: Røed / NPKforslag om utbygging av vasskraft i verna vassdrag i ny stortingsmelding.
«Vi må kunne stole på at naturen som er vernet, blir vernet og varetatt for framtidige generasjonar» skriv organisasjonane i eit opprop til energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Organisasjonane har til saman meir enn éin million medlemmer.
Oppropet kjem som ein reaksjon på at det blir opna opp for utbygging av vasskraft i verna elvar i stortingsmeldinga Førebudd på flaum og skred
(Meld. St. 27 (2023-2024)).
Sjølv om vassdraga er spesifikt verna mot bygging av vasskraft, står det at slik utbygging kan vurderast dersom dette gir vesentleg flaumdemping og «verneverdiane ikkje vil bli påverka nemneverdig». Stortingsmeldinga er no til behandling i energi- og miljøkomiteen.
– Det er heilt umogleg å byggje eit kraftverk med flaumførebyggjande effekt utan å kome i i konflikt med verneverdiane, siger Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.
Heile elleve organisasjonar står samla bak oppropet: Naturvernforbundet, Den norske turistforeining, Norges Jeger- og Fiskerforbund, WWF Norge, Greenpeace Norge, Natur og Ungdom, Sabima, Birdlife Norge, Framtiden i våre hender, Norske lakseelver og Norsk Friluftsliv.
I oppropet peikar organisasjonane på at naturtapet vil vere stort ved kraftutbygging med flaumdempande effekt. Det vil krevje store kraftanlegg og magasin. I tillegg kjem arealinngrep frå vegar, trafoar og linjenett.
(©NPK)