Det er framleis eit stykke igjen til målsetjinga om 100 prosent nye nullutsleppskøyretøy i 2025, men denne målsetjinga har bidrege sterkt til at Noreg er i verdstoppen i del nullutsleppskøyretøy.
– Elektrifisering av bilparken er eit viktig bidrag til å nå Noregs klimamål, seier Espen Andersson i Statens vegvesen.
Når det gjeld varebilar er andelen nullutsleppskøyretøy framleis rundt 30 prosent, som i fjor.
– Det vil vere nødvendig med sterkare insentiv for å nå måla i denne køyretøygruppa, seier Andersson.
For andre køyretøygrupper som bussar, lastebilar og motorsyklar er det mindre endringar. Men fordi eldre køyretøy stadig blir fasa ut, så aukar likevel andelen nullutsleppskøyretøy i den totale bestanden av desse køyretøya.
(©NPK)