Straumselskap som ikkje følgjer reglane, risikerer å få salsforbod mot nye kundar. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Straumselskap som ikkje følgjer reglane, risikerer å få salsforbod mot nye kundar. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Straumkundar får betre vern

Viss ein straumleverandør bryt regelverket, til dømes ved villeiande marknadsføring, kan selskapet heretter få forbod mot å selje straum til nye kundar.

Alle kraftleverandørar i Noreg treng konsesjon frå Reguleringsmyndigheita for energi i NVE (RME) for å selje straum. No opnar dei for å delvis kunne trekkje tilbake konsesjonen som eit kraftig verkemiddel mot regelbrot.

– For å verne om straumkundane og tilliten i marknaden er det svært viktig at kraftleverandørane følgjer regelverket. For å hindre at nye kundar blir skadelidande vil vi derfor vurdere å gjere vedtak om salsstopp for kraftleverandørar med alvorlege brot, seier Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i ei pressemelding.

Salsstopp er aktuelt når det er snakk om grove eller gjentekne brot, presiserer NVE. Salsforbodet skal altså gjelde nye kundar, medan eksisterande kundar beheld avtalen sin som før.

Mange regelbrot

I ein rapport som ligg til grunn for innstramminga, trekkjer RME fram dei vanlegaste regelbrota dei og Forbrukartilsynet har avdekt:

• Villeiande marknadsføring av straumavtalar – mellom anna manglande opplysning om prisdetaljar og risiko.

• Telefon- og dørsal der forbrukarane ikkje får med seg vesentleg opplysningar som dei treng for å velje straumavtale.

• Uklare, ufullstendige og ubalanserte avtalevilkår, til dels svært kompliserte å setje seg inn i og forstå konsekvensane av.

• Brot på regel om fakturering basert på faktisk forbruk.

• Brot på regel om fastsetjinga av pris og forbruk ved forskotfakturering.

• Manglande, mangelfull og feil rapportering frå kraftleverandørar av teknisk og økonomisk rapportering til RME.

– Vil ut av avtalar

Dei siste to åra har Forbrukartilsynet i tillegg sett tilfelle der straumleverandørar har sagt opp gunstige og bindande avtalar i bindingstida, heiter det vidare.

– Dette har sannsynlegvis vore eit forsøk frå dei aktuelle selskapa på å fri seg frå avtalar som er svært økonomisk ugunstige for deira del, med tanke på prisutviklinga i straummarknaden, heiter det i rapporten.

Forbrukartilsynet har også sett tilfelle med overfakturering av forbrukarar i forhold til avtalt pris. Nokre har også late vere å betale sluttoppgjer på avtalar med forskotfakturering.

Forbrukartilsynet påpeikar også at nokre aktørar krev uforholdsmessig store brotgebyr i avtalar med bindingstid.

(©NPK)