Tuva Moflag (Ap), Kirsti Bergstø (SV) og André Myhrvold (Sp) under pressekonferanse på Stortinget etter SV og regjeringspartia kom søndag til semje om statsbudsjettet for 2025. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Tuva Moflag (Ap), Kirsti Bergstø (SV) og André Myhrvold (Sp) under pressekonferanse på Stortinget etter SV og regjeringspartia kom søndag til semje om statsbudsjettet for 2025. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

SV med store gjennomslag i budsjettet

I eit tydeleg raudfarga statsbudsjett for neste år fekk SV regjeringa med på å stanse planane om utvinning av mineral på havbotnen.

– Det blir ingen konsesjonsrunde, det blir inga utlysing av det, sa SV-leiar Kirsti Bergstø då ho saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet la fram budsjettsemja søndag kveld.

Gruvedrift på havbotnen var på førehand venta å bli blant dei vanskelegaste sakene for partane å bli samde om i forhandlingane.

I budsjettet er partane samde om at det ikkje vil bli noka utlysing av konsesjonar for mineralverksemd på havbotnen i 2024 og 2025.

– Ikkje makt til evig tid

Forhandlingane mellom SV og regjeringspartia gjekk nesten tre dagar på overtid og har vorte karakterisert som harde av dei som har delteke.

Sentralt for SV har mellom anna vore å krevje gjennomslag når det gjeld oljepolitikk, natur og omfordeling.

Bergstø kunne ikkje svare på om stansen av gruvedrift på havbotnen ville få varigheit ut over neste år.

– Vi har ikkje all makt til evig tid, men det skjer ikkje noko i denne stortingsperioden. Så ser vi på dette som ein lengre kamp, sa ho.

Partia har også vorte samde om å auke CO2-avgifta på sokkelen med 16 prosent lik avgifta på fastlandet, sikre 50 millionar kroner meir til vern av Oslofjorden og nesten ein halv milliard til skogvern.

Tøffe rundar

Det er sjuande gong Ap, Sp og SV har forhandla om statsbudsjettet etter at sistnemnde valde å stå utanfor regjeringa etter valet i 2021.

Dåverande leiar Audun Lysbakken meinte partiet ville få større gjennomslag for politikken sin ved å stå utanfor – og heller vere førstevalet til regjeringa som budsjettpartnar.

– Det har vore tøffe rundar, men det har vore konstruktive forhandlingar. Og eg veit at regjeringspartia har strekt seg langt for å få til den semja vi presenterer i dag, sa Bergstø.

– Med denne semja viser vi tydeleg kven vi prioriterer, og kva vi prioriterer, sa budsjettpartnar og forhandlingsleiar Tuva Moflag i Arbeidarpartiet.

Billigare tannlege

Eit anna viktig område for SV har vore å løfte tannhelsereforma og auke omfanget av kven som får støtte til å gå til tannlegen.

Det har dei greidd ved å utvide dagens ordning til også omfatte dei frå 25 til og med 28 år. Dei får no 75 prosent billigare tannhelsebehandling.

– Det er eit viktig steg på vegen for å gjere tennene til ein del av kroppen, og at det ikkje skal vere dyrare å gå til tannlegen enn til legen, sa Bergstø.

Studentar, barn og eldre

Eit anna sentralt område i forhandlingane har vore rettferdig omfordeling. Einslege minstepensjonistar får 6000 kroner meir per år og barnetrygda blir auka med 2,4 milliardar kroner i året frå 1. mai neste år. I tillegg blir skulefritidsordninga gjord gratis frå 1. til 3. trinn.

Studentane får ein auke i studiestøtta på 10 prosent.

– Det er vi svært fornøgde med. Dei siste åra, med SV som budsjettpartar, har studentane fått over 35.000 meir i året å rutte med, seier studentpolitisk talsperson Grete Wold til NTB.

I tillegg har SV fått gjennomslag for 3050 fleire studentbustader og at studentsamskipnadene i landet får auka tilskotsdelen til bygging av nye studentbustader til 40 prosent.