Inga-Cecilie Sørheim. Foto: Privat
Inga-Cecilie Sørheim.

På tampen

Vedkjenning frå ei fotballmamma

Publisert Sist oppdatert

Det er måndag i skrivande stund, men kor tok helga vegen? Jo, tidleg avreise til Karmøy og to dagar i ein kald fotballhall. Eg er nemleg blant desse fotballforeldra som reiser land og strand med den håpefulle. Samstundes er private aktørar og kommersialisering av barneidretten igjen oppe til diskusjon. Nyleg var det eit større oppslag i Haugesunds Avis om nettopp den treningssamlinga me deltok på i helga, med kritikk mot det såkalla talentjaget i barneidretten, særleg den biten som private kommersielle aktørar står for. Tidleg spesialisering er uheldig og kan medføre auka risiko for psykiske plager, vart det hevda. Vidare blei det insinuert at det er oss ambisiøse foreldre som står bak med tusenlappane våre og pressar fotballtalenta våre til å prestere.

Vel, eg sparkar fotball i eit glashus i denne saka. Men eg sit i alle fall på førstehands kjennskap til ei rekkje fotballskular, treningsleirar, talentsamlingar og kva det måtte vere. Kritikken mot dei private aktørane kan eg dels forstå, sidan det kostar pengar og dermed kan skape eit klasseskilje basert på foreldra sin økonomi. Men delar av kritikken synest å bomme på mål. Det er jo ikkje slik at private tilbod fjernar dei ivrigaste fotballspelarane frå sine lokale lag. Dei er eit supplement som kjem i tillegg til tilbodet som blir gitt i klubbane. For oss som bur langt frå dei store byane, kjem dette ekstra godt med. Nokon ungar kan nemleg ikkje få nok! Skal me då stagge dei?

Tidleg spesialisering og prestasjonsfokus kan sjølvsagt ha negative sider. For mange er det ein fordel å drive med allsidig idrett lengst mogleg. Hovudpoenget med barneidrett er at flest mogleg skal ha det gøy og vere med lengst mogleg. Klart, det viktigaste er å delta! Men det må også vere rom for dei som vil noko meir, utan at det treng å gå på kostnad av breidde og inkludering.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS