Mistenkte og den eine polititenestepersonen, ein mann i 20-åra, var kritisk skadde. Det vart sett i verk livreddande førstehjelp, men begge døydde i løpet av natta.
Pårørande til begge dei avdøde er varsla.
– Det er med djup sorg vi har fått dødsbodskapane. Fokuset vårt no er personalomsorg gjennom varetaking av involverte og andre kollegaer. Vi arbeider også med å leggje til rette for Spesialeiningas etterforsking, seier politimeister Hans Vik i ei pressemelding.
Den andre polititenestepersonen som vart treft av skot, vart også frakta til sjukehus med skadar. Det er ikkje kjent korleis tilstanden til vedkommande er.
Vart varsla om trusselsituasjon
Politiet vart varsla om ein mogleg trusselsituasjon klokka 1.08 og melde om skytinga i ei pressemelding klokka 2.51.
– Politiet rykte ut med fleire patruljar. I søket etter ein namngitt mistenkt stansa politiet ein bil på Klepp like etter klokka 1.35. Det vart så løyst skot frå bilen, der mistenkte og ein annan person oppheldt seg, sa operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen.
Det oppstod så ei skotveksling mellom mistenkte og politiet.
– Eg kan ikkje seie noko om mannen som er død, sa politimeister Vik på ein kort pressekonferanse laurdag formiddag.
Hol i frontruta
På eit bilete som VG har publisert, ser ein tydeleg fleire hol i frontruta på ein personbil som står parkert med fronten mot ein politibil. Etter at biletet vart teke, har politiet dekt til heile bilen med presenning.
Ifølgje politimeisteren er ingen av dei involverte tenestepersonane tekne ut av teneste.
– Tenestepersonane er på jobb for samfunnet. Eg har ikkje grunn til å tru at dei har gjort noko anna enn jobben sin i samband med dette oppdraget. Dei som har vore involverte i hendinga, vil bli følgde opp, og delta i teneste så lenge dei kjenner seg klar til det, seier Vik i pressemeldinga.
Justisministeren: – Tragisk
– Det er med stor sorg vi har fått meldinga om at ein polititenesteperson vart drepen. Våre tankar går no til dei pårørande og dei etterlatne, seier justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) etter skotvekslinga på Jæren.
Mehl seier også at norsk politi kvar dag går på jobb for å tryggje samfunnet vårt.
– Denne tragiske hendinga viser alvoret som ligg i politirolla og risikoen dei tek på vegner av oss. Det har eg stor respekt for, seier Mehl.
Politiets Fellesforbund seier at hendinga er djupt tragisk.
– Eg tenkjer først og fremst på dei pårørande til politimannen som har vorte drepen. Dette pregar heile politietaten, men spesielt kollegaene i Sørvest politidistrikt, seier forbundsleiar Unn Alma Skatvold til NRK.
Kripos hjelper
Kripos har fått oppmoding frå Spesialeininga om å hjelpe til med kriminaltekniske undersøkingar på åstaden, skriv eininga i ei pressemelding.
– Spesialeininga vil avhøyre tenestepersonar og vitne så snart som mogleg. Vi er no i oppstartsfasen av etterforskinga, og det er avgrensa kva vi kan gi av informasjon om hendinga og den vidare etterforskinga på noverande tidspunkt, skriv eininga vidare i pressemeldinga.
Spesialeininga for politisaker varslar at dei først måndag vil komme med oppdatering på etterforskinga si.
(@NPK)