Grunneigar Sindre Tjøstheim ønskjer seg ikkje vindkraft på Døldarheia.
FOTO: PRIVAT
Debatt
Vindkraft – Ein strategisk bommert for Vindafjord
I tillegg til Skjold er det no interesse frå utbyggjarar for å byggje vindkraft i Døldarheia igjen. Dette skjedde då det blei ei vag opning i vedtaket til førre kommunestyremøte.
Dette meiner eg ikkje er ein god idé, og eg ønskjer difor å utdjupe dette.
Naturen er Vindafjord si viktigaste konkurransefordel for å vere ein attraktiv stad å bu
Som tilflyttar må eg framheve at Vindafjord har unike moglegheiter for tur og det å nytte naturen til friluftsliv. Dette framstår som svært viktig for dei fleste som bur her. Arbeidsplassar finst mange plassar, men i kombinasjon med flotte omgjevnader og natur meiner eg at Vindafjord stiller i ei eiga klasse. Dette trur eg er ei viktig konkurransefordel for å vere ein attraktiv stad å bu samanlikna med andre kommunar.
Det er viktig å kjenne seg sjølv, kva ein er god på, og kva som gjer at ein kan hevde seg i konkurransen. Vindkraft vil føre til at kommunen går inn i ei ny konkurransesituasjon som gjer det mykje vanskelegare å konkurrere mot andre kommunar om å vere ein attraktiv stad å bu.
Prisen for vindkraft er blant anna framtidsutsiktene for bygdene og areala rundt
Dagens vindturbinar er rett og slett enorme, er sjølvsagt ikkje grøne i urørt natur, og har mange ulike konsekvensar. Prisen for vindkraft er framtida til nærliggjande bygder og areal. Ifølgje NVE er det ei samanheng mellom vindkraftverk og eigedomsprisar opptil 9 kilometer frå ei vindturbin.
Det er ikkje berre eksisterande bygg det går utover. Nyetableringar får òg ein verdireduksjon eller vindkraftstraff, og i verste fall for dei som nettopp har bygd: ei korreksjon på verdien og auka lånegrad, med mogleg auka rente. Om det ikkje er vanskeleg nok å etablere seg i bustadmarknaden i dag, vert det endå vanskelegare å få lån for nye bustader i desse områda.
Vindkraft vil òg båndleggje areal. Fleire område for nye bustader eller bustadfelt vil bli vekke. Dette har òg ein stor pris for kommunen sine framtidsutsikter.
Kort konsekvensutgreiing: Skal me leggje ned» nesten halve kommunen i desember?
Kor er me då i slutten av januar? Vindkrafta vil gje store konsekvensar for å fortsatt vere ein attraktiv stad å bu. Ho vil òg skape endå meir av dei utfordringane kommunen ønskjer å løyse i dag.
Sjølvsagt kan ikkje dei partia som stemde for å ville vite meir om vindkraft i november, vite at dette skulle bli slik. Denne saka er kanskje ei moglegheit for partia i samla flokk til å ta leiarskap i å byggje ein identitet og kultur der me har Vindafjord-hatten på, på tvers av både bygder og parti.
Politikarane har kanskje eit særskild ansvar i år for at julefreden kjem litt tidlegare? Det treng ikkje vere naudsynt å vente til 17. desember. Dei kan godt offentleggjere kva dei tenkjer å stemme på på førehand, slik at veljarane kan bruke adventstida til andre ting.
Nei takk til vindkraft. Ja til naturen, ein unik stad å bu og fortsatt liv og røre i lokalsamfunna.
Sindre Tjøstheim, grunneigar Døldarheia