Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB / NPK
Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB / NPK

Auka etterspurnad etter valfag i ungdomsskulen

Nesten halvparten av gutane i ungdomsskulen vel faget fysisk aktivitet og helse. Elevorganisasjonen meiner fleire valfag kan auke motivasjonen blant elevane.

Nesten halvparten av gutane i ungdomsskulen vel faget fysisk aktivitet og helse. Elevorganisasjonen meiner fleire valfag kan auke motivasjonen blant elevane.

32 prosent av ungdomsskuleelevar i Noreg vel fysisk aktivitet og helse som valfag, ifølgje Utdanningsdirektoratet. Dette faget er spesielt populært blant gutane, der nesten 43 prosent vel det. Elevorganisasjonen, leia av Madelen Kloster, meiner det bør vere fleire valfagstilbod for å gi elevane meir motivasjon og moglegheit til å utforske eigne interesser, skriv Utdanningsnytt.

I dag blir det tilbydd 16 ulike valfag for elevar på 8.–10. trinn, men ikkje alle skular tilbyr alle faga. Gjennomsnittleg gir skulane opplæring i fem ulike valfag, men heile 9 prosent av skulane tilbyr berre eitt valfag. Kloster meiner dette er utilstrekkeleg og at fleire valmoglegheiter vil kunne gi elevane ein meir variert og engasjerande skulekvardag. Ho meiner også det er viktig med valfag som gir praktiske erfaringar, spesielt for dei som ikkje er motiverte av teoretiske fag.

(©NPK)