Det er bygningen til venstre som dei nye eigarane vil gjere om frå nærings til bustadformål.
FOTO: GOOGLE STREET VIEW
Næringsliv
Butikklokale kan bli leilegheiter
Då det ikkje lenger skal vere interesse for å drive butikk i lokalet, har dei nye eigarane av ein sentrumseigedom i Etne søkt om å få byggje lokalet om til leilegheiter.
Det er selskapet HGE Invest AS som så seint som 23. desember i fjor blei formell eigar av Haukelivegen 957 i Etne sentrum. Bygget ligg inntil E134, vis-à-vis Sjoarvegen, og har tidlegare husa både fotobutikk og seinare ein kledebutikk.
Bak selskapet som no har kjøpt bygget, står duoen Ingar Grindheim (25) og Sander Hustoft (25).
Same pris etter 11 år