Yrke og utdanning
Ein meiningsfull arbeidskvardag
— Dei som jobbar her, er utruleg glade i jobben sin, seier Bergfrid Kolltveit.
Lærarkarriera hennar starta rett etter at ho var ferdig utdanna i 2006. Sidan 2012 har ho jobba i Vikebygd, kor ho er ein av seks lærarar. Skuledelen av oppvekstsenteret har 27 elevar frå 1. til 7. klasse. Kolltveit er kontaktlærar for sju barn i 1. og 2. klasse.
Under Grannar sitt besøk står KRLE på timeplanen. Dei unge får høyre om Big Bang og evolusjonsteorien på den eine sida og skapingshistoria på den andre. Kolltveit spurde elevane om det gjer noko at folk trur på ulike ting og forklarte at det går heilt fint.