Lilly Øren frå Etne har signert for FK Haugesund - og er tatt ut til landslaget.
Lilly Øren frå Etne har signert for FK Haugesund - og er tatt ut til landslaget.

Sport

Etne-spelar klar for FK Haugesund

Lilly Øren skal spele for FK Haugesund komande sesong, melder Haugesunds Avis.

Publisert Sist oppdatert
FOTBALL: Lilly Øren (15) har meldt overgang fra Etne til FKH.

Det bekrefter Monica Eide Arnesen, som er utviklingsansvarlig i FKH, overfor Haugesunds Avis.

Etne-jenta er rekna som eit av dei største talenta på Haugalandet. I fjor sleit ho med skade heile hausten og måtte melde forfall til J15-landslaget.

Ho skal i utgangspunktet pendle mellom Etne og Haugesund, før ho til hausten skal byrja på Haugesund Toppidrettsgymnas (HTG) og spele for FKH 2 i 3. divisjon. FK Haugesund sitt A-lag speler i 1. divisjon.

Øren, som er midtbanespelar, har signert amatørkontrakt med FKH.

Powered by Labrador CMS