John Deere var den mest selde traktoren i Noreg i fjor. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK
John Deere var den mest selde traktoren i Noreg i fjor. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Held posisjonen som mest selde traktor i Noreg

Trass i utfordrande tider for maskinbransjen, held eitt merke fram som marknadsleiar i Noreg for fjerde år på rad.

John Deere var den mest selde traktoren i Noreg i fjor, med ein marknadsandel på 22 prosent, skriv Nationen.

Totalt vart det selt 521 nye John Deere-traktorar i Noreg i fjor, og dei fleste av desse vart selt gjennom leasingavtalar. Statistikken frå Opplysningsrådet for Veitrafikken viser at Valtra kom på andreplass med ein marknadsandel på 21 prosent, etterfølgt av Massey Ferguson med 20 prosent og Fendt med 14 prosent.

Det totale salet av traktorar i Noreg i fjor var 2299, noko som representerer ein nedgang på 320 traktorar samanlikna med året før. Av dei største merka var det berre Massey Ferguson som opplevde ein auke i salet samanlikna med 2024.

(©NPK)