Det blir fleire eldre og ferre yngre som døyr i rusrelaterte trafikkulykker. Illustrasjonsfoto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Det blir fleire eldre og ferre yngre som døyr i rusrelaterte trafikkulykker. Illustrasjonsfoto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Kvart femte trafikk-dødsfall grunna rus

Ruspåverknad er grunnen til kvar femte dødsulykke på norske vegar, viser fersk rapport. Alkohol er den dominerande rustypen og flest blir tatt i promillekontrollen om morgonen.

I 2023 mista 22 personar livet i trafikkulykker der rus var ein medverkande faktor. Det utgjer 20 prosent av alle dødsulykkene kom det fram i den ferske rapporten frå Statens vegvesens ulykkesanalysegruppe (UAG).

Den dominerande rustypen var alkohol, etterfølgd av annan rus og blandingsrus. Kanskje overraskande for nokon er det på morgonkvisten i helger at flest trafikantar blir stansa med alkohol i blodet.

– Mange hadde nok fått seg ein vekkjar om dei prøvde ein promillemålar dagen etter. Hugs at 12-timersregelen er ein peikepinn, ikkje ein garanti, seier fagdirektør i Trygg Trafikk, Tanja Loftsgarden.

Tidlegare var det flest under 40 år som omkom i rusrelaterte ulykker. Sidan 2017 har det vore dei mellom 41 og 60. Anders Havdal, generalsekretær i MA – Rusfri Trafikk, vil tenkje nytt i lys av endringane.

– Kanskje må vi undersøkje andre former for reaksjonar, i tillegg til at politiet prioriterer trafikkontrollar. Vi har mellom anna sett på moglegheita for alkolås som alternativ til tap av førarrett.

(©NPK)