Lokale bønder har laga til ein akebakke i Sandeid.
Laga akebakke for bygda
Bønder har laga til ein akebakke på Vestbø i Sandeid. Marianne Vestbø inviterer alle som vil til å renne i bakken som ungane hennar og andre i nabolaget har brukt i mange år.
— Stemninga i bakken er god, seier Marianne Vestbø.
Bakken er bak ein fjøs og ligg sentralt i Sandeid. Vestbø tippar han er cirka 50–60 meter lang. Akebakken har vore der i mange år og blitt brukt av skulen og barnehagen i bygda når det har vore snø.
Laurdag la Vestbø ut eit innlegg i Facebook-gruppa Fokus Sandeid, der ho fortalde om bakken og at alle som vil ake eller gå på ski, er velkomne. Ho fortel at ho la ut innlegget fordi ho har døtrer som bur i byggjefelt, som i likskap med dei fleste i Sandeid ikkje har høve til å ha ein så god akebakke som ved fjøsen der dei bur. Initiativet er blitt godt tatt imot, og på under eit døgn har innlegget fått over 200 liker-klikk.