Rundt 125 hageinteresserte menn og kvinner møtte til føredraget på Sjøperlo.Foto: irene Mæland Haraldsen
Rundt 125 hageinteresserte menn og kvinner møtte til føredraget på Sjøperlo.
Anne Grete Djuve og Thea Jacobsen frå Ølen fekk mange gode råd om denne kvelden.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Anne Grete Djuve og Thea Jacobsen frå Ølen fekk mange gode råd om denne kvelden.
Erik Schjerven og Anders Røyneberg fortalde frå sin eigen hage.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Erik Schjerven og Anders Røyneberg fortalde frå sin eigen hage.
Dei to forfattarane har gitt ut fire hagebøker.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Dei to forfattarane har gitt ut fire hagebøker.

Mange ville ha nyttige hagetips

Det blei trongt om plassen i foajeen på Sjøperlo då dei to landskjente hageprofilane Anders Røyneberg og Erik Schjerven inviterte til hagekveld med gode råd og tips frå eigen hage.

Publisert Sist oppdatert

Over 125 hageinteresserte damer og menn tok turen til i Ølen for å få med seg føredraget Krukkedilla» med sambuarparet Anders Røyneberg og Erik Schjerven frå Hadeland. Dei to karane er kjent mellom anna frå God morgen Norge, instagramprofilen Arctic Gardener» og som forfattarar av fleire hagebøker. I tillegg reiser dei land og strand for å halda føredrag om hage og dela nyttige tips med andre hageinteresserte.

— Det er veldig stas å få koma til stader som Ølen, og det er kjempefint å få sett nye område, seier dei to hageglade mennene som gjesta Husnes før dei sette kursen mot Vindafjord.

Føredraget Krukkedilla var basert på deira siste bok med same namn, og i løpet av kvelden fekk publikum ei interessant innføring i korleis ein kan få planter til å veksa og gro i krukker og plantekassar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS